Huskjerker
← Tilbake til huskjerkeoversikten
Mong-kjerka
“Bibellesarane”
Det er ein flott tysdagskveld, og eg finn meg sjølv utanfor døra åt Vegard Landro. Eg ringjer på. Ingenting skjer, så eg går berre rett inn, det var jo her Jarle sa eg skulle koma. Så då stod eg der i gangen og helste på dei to som kom rett før meg, Miriam og hennar mann Lachlan som er midt i bæring av stolar. Miriam spør om eg er ny i huskyrkja, eg forsikrar om at det er eg ikkje. Eg skal observere ei huskyrkjesamling med Mong-kyrkja, eller “bibellesarane” som ein kunne kalle dei. Jamfør bladet Sambåndet tidlegare i år, kor dei var på framsida om nettopp bibellesing. Og no har dei snart lese heile Bibelen, med unntak av nokre profetar.
Ei G1-huskyrkje?
Det er ein særs munter og blid gjeng eg møter når eg kjem opp trappa. Det smittar. Eg helser på nokre folk før kveldsmåltidet skal etast. Den muntre tonen held fram kring bordet, no går han meir over til å verta “fjollete” for nokre av personane som skal få vere anonyme. Eg tenkjer med meg sjølve at dette var ikkje så ulikt ei G1-huskyrkje, i alle fall ikkje i åtferd – det er kanskje sidan Jarle er borte? Etter eit godt kveldsmåltid med god drøs er det duka for nattverd – Vegard streva litt før han finn fram dei rette orda i Bibelen, men vi fekk feira nattverd saman.
Foreining
|
Mennene tek fatt på å rydje av bordet, det er nemleg deira tur i dag. Eg vert med kvinnene ut i stova kor dei drøser og ler. Litt foreining vart det, mellom anna kakeoppskrift som eit av mange tema dei nådde innom, før mennene kom inn frå kjøkenet og sette seg ned. Det var tydelegvis ikkje ei normal huskyrkjesamling eg hadde fått bli med på, men meir ein planleggingskveld for Mong-kyrkja si framtid. Miriam tek ordet som leiar i fråværet åt Jarle, etter det eg forstod. Det vart nemnt at sidan det var presse til stades, representert av underteikna, måtte ein effektivisere litt. Miriam tek litt informasjon om mellom anna. påskelam og påskemåltid før huskyrkja tek fatt på kveldens agenda.
Vegval
Tema for kvelden var i praksis vegval vidare. Ein opna dette arbeidet i bøn, og inviterte Gud til å taka leiinga. Etter ei god bønestund byrja drøsen. Det heile gjekk mykje på Michael Frost sitt seminar tidlegare i år, og på hans undervisning kring misjonale fellesskap. Det ynskjet Mong-kyrkja kom fram med, var at ein ville gå meir mot eit misjonalt prega fellesskap. Spørsmål som kom opp var mellom anna korleis ein kunne få dette til? Kva praksisar skal ein ha, korleis skal ein gjera ting, og kva skal ein gjera osb. for å bli eit misjonalt fellesskap? Ein ville forsøkje å gjere nokre av tinga Frost tok opp i sitt seminar. Av det som kom fram kan eg nemne at ein ynskte å fokusere på lesing av Evangelia og å vere meir saman med ikkje-kristne i ulike settingar.
Heimsending
Etter ein lang og god drøs om vegval går det mot ein ende i stova hjå Landro-familien. Folk verkar gira på vegen vidare for Mong-kyrkja, det er kjekt å sjå. Vi bed Fadervår i saman før folk byrjar å gå mot døra – eg vert sitjande igjen for å høyre på drøsen og eg kjem på at eit bilete burde eg jo ha teke. Eg får heldigvis før alle er gått, teke eit bilete av denne flotte forsamlinga. Det var ei god oppleving å vere med i ei inkluderande huskyrkje, trass aldersforskjellen.
Tekst/foto: Benjamin Anda







