Tu huskyrkja
Me er ei huskyrkje med eit ønske om å vera eit fellesskap av og for familiar på Tu. For tida er me tre familiar i huskyrkja vår, og har plass til fleire. Torsdagane er dagen for å treffast. Då treffest me etter tur heime hjå dei som er med.
Annan kvar torsdag er det samling for dei vaksne. Då er me seks vaksne som møtest for å dela kvardagsliv, tankar og tru. Me startar kvelden med kveldsmat med det me har i huset og avsluttar måltidet med nattverd. Etterpå samlast me rundt eit tema – ein tekst frå Bibelen, ein film eller anna som kan setja i gong samtale og refleksjon. Kvelden vert avslutta med at alle får mogelegheit til å dela takkeemner eller bønneemner som ein ynskjer at dei andre skal vera med å be for. Me tykkjer dette er eit godt pusterom for småbornsforeldre i ein travel kvardag der me får heva blikket mot dei viktige ting og store spørsmål.
Dei torsdagane det ikkje er samling på kvelden er det familiehuskyrkje på ettermiddagen. Då treffest me etter skule, barnehage og jobb til middag i lag. Når me samlast er me fire vaksne og fem born i alderen eitt til seks år. Me samlast rundt pasta, kjøttkaker eller tomatsuppe med dagens opplevelser og utfordringar tett på livet. Huset er så ryddig eller rotete som det elles er på ein torsdag ettermiddag. Me ynskjer å vera tett på liva til kvarandre, spesielt ser me det som ein verdi å la ungane få knytta gode relasjonar til andre vaksne kristne. Etter maten har me ei lita samling med litt sang og ei forteljing frå Bibelen. Resten av ettermiddagen går med til leiking for dei små og kaffi og prat for dei store.
Draumen vår er at fleire både vaksne og born på Tu skal bli kjent med Jesus og leva livet i lag med han. Huskyrkja er viktig for då kan me saman lengta og leva for denne draumen. Me ynskjer å leva ærleg og ope med liva våre og ynskjer å ha opne heimar der trua på Gud kan skina gjennom til dei me elles omgås i kvardagen.
Er du nysgjerring på huskyrkja vår og det me driv med, ta kontakt med Gerd Signy Omland (gerdsigny@hotmail.com) eller Målfrid Hannisdal Teigen (malfrid.teigen@gmail.com).






