Awana-avtale for foreldre og barn på svart gruppe

Awana-avtale for foreldre og barn på svart gruppe

Har de laga Awana-avtaler? Kanskje det er trikset for å få gått gjennom Awana-opplegget i forkant av gudstjenestene? Det tar deg to minutt å laga avtalen for heile våren. Me har testa det i haust og det har fungert.

Awana-avtalene gitt oss ein ny arena for å snakke om tru i familien. Me kjenner ofte på at det kan vera vanskeleg å finna dei naturlege og gode anledningane til å snakka om tru ved middagsbordet eller andre gonger me er saman. Awana har gitt oss ein ny og god rytme for dette.

Me lagt inn ein fast avtale med oss sjølv annan kvar tirsdags kveld i kalenderen. Det har vore tirsdagen etter gudstjeneste, slik at me har litt tid å gå på om avtalen må skyvast på og tid til å læra eit nytt bibelvers utenatt. Då har det stått «Awana» i kalenderen. Sidan me har noko konkret i kalenderen som me kan forholda oss til, har me funne rom for å gjennomføra opplegget.

Fleire har gjerne erfart at når dei kjem forberedt til for eksempel huskyrkje så er det lettare å delta i opplegget og ein sit ofte igjen med meir i etterkant. Det at barna no får ein anlending til å forbereda seg på noko av det dei skal få høyra om og vera med å snakka om på svart gruppe, vil forhåpentlegvis ha same verknad for dei.

Opplegget har vore veldig bra, så for dei som har ungar på svart gruppe og ikkje har testa boka heime, så er det ikkje noko å venta på. Det har vore gode spørsmål å snakka om. Me har fått slått opp i og lest i Bibelen og me har lært meir om det me trur på saman. I tillegg har det gitt oss ein anlending til å eta kveldsmat i lag. 

Det er forskjellig kor glade folk er i å leggja ting inn i kalenderen. I vår familie er me av den oppfattning at ein oppdatert kalender er til uvurderlig hjelp og me har det meste av det som skjer i kalenderen. Det me prioriterer og det som er viktig for oss får plass i kalenderen.

Av og til trur eg me har tendens til å tenkja at ting som har med tru og åndelighet ikkje skal inn i ein kalender eller i eit system. Men når kalenderen blir fylt opp med treningar, øvingar, kveldsjobbing, dugnader, besøk og anna som vekene går med til, så kan det bli lite plass igjen til det som skal skje i ledige stunder. Så difor er tipset: Legg inn ein fast Awana-avtale i kalenderen mellom kvar gudstjeneste og prøv det ut.

 

 

 

Powered by Cornerstone