Ressurser/Blogg/Nyheter/Oppdrift - en lærerik start

Oppdrift - en lærerik start

Me er heldige som får mulighet til å vera med på Oppdrift – eit læringsfelleskskap for foreldre.

Me er heldige som får mulighet til å vera med på Oppdrift – eit læringsfelleskskap for foreldre. Å vera foreldre er noko av det viktigaste og vanskeligaste me gjer, men likevel er det ofte forventa at me skal vita korleis me best skal gjera det. Det er veldig bra at Bedehuskirken ønsker å vera med å utrusta oss som foreldre i det me står i i kvardagane våre. Ønsket om å leva som ein kristen familie er sentralt for oss, men det er ikkje alltid så lett å vita korleis me kan gjera det i praksis. 

På Oppdrift får me ein arena der me over tid kan ha fokus på dette – både oss to som deler på foreldreoppgåva og i fellesskap med andre med barn i same fase. Me kjenner at det me har blitt med på både utfordrer og forplikter. Me skal møtast jamnleg over ein periode på eit og eit halvt år. Då veit me at me blir spurt om korleis det går, me blir heia på og bedt for. Det tenkjer me er ein god kombinasjon. Me vil kvarandre vel og samtidig vil me utfordra kvarandre.  

Første samlinga var ein lærerik start. Me fekk læra om dei ulike fasane som barna våre går gjennom og fekk gode tips og samtaler rundt korleis me kan møta dei i desse fasane. Me bestemte oss for nokon nye kvardagsrutiner som me no testar ut i familien. Håpet vårt er at desse skal bli gode vanar og gje oss enno større fokus på trua i familien vår.  

Me gler oss til fortsettelsen på Oppdrift!

Målfrid og Kjartan Teigen

Powered by Cornerstone