Ressurser/Blogg/Nyheter/Helge på DTS

Helge på DTS

Våren 2021 er det fire av Bedehuskirkens unge voksne som er på DTS. Her har du en oppmuntrende hilsen fra en av deltakerne, Helge Eidsnes

DTS har gitt meg veldig mykje. Gjennom dei første månadane vaks eg mykje i det å bruke tid saman med Gud. Kvar dag har vi det som kallast “powertime”, altså berre ein time der ein åleine les Bibelen, ber, takkar, men og lytter til kva Den Heilage Ande skulle ønskje å sei til meg. Bibellesinga mi tok og nokre steg denne tida. Eg fann ut at eg har begynt å bli godt kjent i Bibelen, og at mykje av denne lesinga som ikkje alltid har vore like motiverande, faktisk har gitt meg mykje kunnskap, som eg kan bruke for meg sjølv, men og i bibeldiskusjonar.

Dei siste vekene på “outreach” har vore med på å utfordre meg i nye roller eg kan vokse vidare i som disippel. Det er veldig spennande å få vera med å velge kva ungdommane me besøker skal få høyre, både av tale og lovsang, ettersom eg har fått debutert både som talar og i lovsangsteamet dei siste vekene. Utanom dette har eg vore uheldig det siste året med skader i beina, og det hadde eit lite toppunkt for 2 veker sidan. Eg vart veldig motlaus og det vart rett og slett kjipt. Men etter bønn for helbredelse og ein tale der eg fekk ordet glede å tale om (når me lytta til Gud), så letta humøret voldsomt. Dagane etter fungerte beinet mitt ganske bra igjen. Der eg for fire dagar sidan satt og las Bibelen under lovsangen, for smerten var så kjip, har eg no hatt fleire aktive dagar som elles ikkje hadde vore mogleg reint fysisk. I denne kampen har eg har lært å finne kraft i Fil 4:4-7.

Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk

Helge på DTS

Helsing Helge

Powered by Cornerstone