Ressurser/Blogg/Nyheter/Lederkonferanse som sette spor

Lederkonferanse som sette spor

Helga 4-6. november gjekk Indremisjonsforbundet sin lederkonferanse av stabelen og vi var ein god gjeng som tok turen til Bergen og Sotra.

Lovsongsteamet utgjorde ein nokså stor del av BHK-flokken. Dei forsvarte grundig retten til leiarplass på scena når taket på Straume forum nærmast letta i det vi må kunne kalle himmelsk lovsong og tilbeding!

Vår eigen Sofie Braut talte på morgonmøtet fredag, med utgangspunkt i profeten Haggai sine ord til folket då Herrens tempel låg i ruinar: "Er det tid for dykk til å bu i bordkledde hus så lenge dette huset ligg i røys?" (Haggai 1, vers 4). Sofie gjorde orda aktuelle for oss og ansvarleggjorde kvar og ein av oss i forhold til kva det betyr å byggje Guds hus i ei tid som denne, i Noreg i 2022.

Vidare var det eit breitt utvalg av seminar-og nettverkssamlingar å velge mellom både fredag og laurdag. På ulikt vis vart vi utfordra og inspirert til å reise heim og byggje levande fellesskap som tek Guds ord på alvor, uansett kva det kan komme til å koste. Å vere eit vitne i sosiale media, trusforsvar, å vere ein truverdig predikant, å plante nye fellesskap, fri og modig kristen (vekkelse i lukka land) og kva som kjenneteiknar tida vi lever i er stikkord frå dei seminara og nettverkssamlingane eg fekk med meg i løpet av helga. Legg til gode samtalar, matpausar, usannsynleg mange kaffikoppar, felles restaurantmiddag, latter og rangling på hotellet, så har du oppskrifta på ei godt anvendt helg for alle med ekte konferansekondis!

Å reise fleire med leiaransvar saman på denne måten, kjennest svært nyttig og gjer det lettare å arbeide vidare no når vi er vel heime igjen. Vi ser allereie fram til Lederkonferansen neste år og håpar enda fleire blir med. Dersom du er usikker på om du er "leder nok" til å vere med på lederkonferanse, legg merke til definisjonen vi fekk presentert då konferansen opna: -Dersom du har innflytelse på nokon og er med å sette retning for nokon, ja, DÅ er du ein leder! Vi gler oss til lederkonferansen 2023!

Ellinor

Powered by Cornerstone