Ressurser/Blogg/Nyheter/Sofie Braut sine tanker etter besøk på Vigeland

Sofie Braut sine tanker etter besøk på Vigeland

Det er noko på gang i Guds rike. Det er det alltid. Av og til merkar eg dette endå nærare og endå tydelegare. Slik har det vore å besøka vekkingsmøta på Vigeland. Det er som om noko eg alt kjenner så godt, berre kjem endå tettare på. 

Vekkingssuset på Vigeland: Når det nye er noko vi kjenner frå før.

Det er noko på gang i Guds rike. Det er det alltid. Av og til merkar eg dette endå nærare og endå tydelegare. Slik har det vore å besøka vekkingsmøta på Vigeland. Det er som om noko eg alt kjenner så godt, berre kjem endå tettare på. 

Det rett og slett mektig å bli minna om krafta i Guds ord og Guds ånd!  

På heilt alminnelege møte, med heilt alminnelege folk, på eit lite spektakulært bedehus, har altså Heilaganden vekt folk opp ein ny måte. Fjernt frå alt av kommunikasjons- og marknadsføringsekspertise oppstår det eit fenomen. Først veks det ut av eit gamalt bedehus, så vart Betania for lite, og no sist helg fylte det Lindesneshallen til siste stol. Stappfulle parkeringsplassar talar sitt tydelege språk om lengt og nyfikne.Kristne blir fornya og helbreda. Folk kjem til tru på Jesus. Motløyse blir erstatta med håp. Forknytte finn frimot og fellesskap. Tunge bører blir lagde av.  

Å få sjå dette på nært hald er for det første trusstyrkande. Eigentleg veit eg jo at Guds rike går fram. Som det heiter i Ronald Fangens gripande salme: «Mens verdens riker stiger og de synker- går kirken mot fullkommenhetens vår». Jo, eg veit. Men å få erfara det? Nydeleg! For det andre byggjer dette fellesskap. Eg har tatt meg i å bli unaturleg glad i folk eg aldri har sett før. folk eg kanskje kunne irritert meg over, verkar brått så sympatiske. Eg, som ofte kjenner meg så klossete på slikt, vurderer heilt seriøst å gå bort og gi vilt framande ein klem. Gud knyter folk saman på forunderleg vis. 

Følgande tanke blir med meg heim frå Vigeland: Eg vil gi alt for å bli endå meir kjent med Han eg alt kjenner og tilber! Den Levande. Eg blir velsigna av å lytta til vitnesbyrd, sjå folk søka forbøn, høyra radikal tale om Jesu kors og kallet til omvending. Det finst kraft! Noko som verkeleg lear på seg, noko som blafrar gjennom livet og tek tak i meg. Det minner om våren. Dette grøne og levande som berre bryt gjennom når tida er der. Det er tilgjengeleg for alle som vil!

Kanskje du hugsar frå Narnia: Løven heksa og klesskapet, når vinteren likevel må sleppa taket, vatnet fossar fram og eit friskt og frodig landskap blir avdekka? Slik, omtrent, vil eg seia eg kjende det på vekkingsmøta på Vigeland.  

Eg har sikkert høyrt langt meir på nesten alle andre typar musikk enn den dei spelar på Vigeland. Men: det var heilt uvesentleg om musikken var tilpassa «min smak». Det er faktisk herleg å koma ut av det som er skreddarsydd rundt meg og mine behov. 

Men om eg no likevel skal trekka fram noko etter min smak, finn eg at ord om vekking og lengten etter det der draget i lufta som kan forandra alt, finst så mange stader. Sjå på desse linjene, forfatta av Stein Versto, og framført av Odd Nordstoga. Dei gir også på sitt vis innblikk i vekkingsvinden på Vigeland: 

Ei dør slår opp i den stille kveld,

Gjennom opninga anar du skinet av eld

Og stemmer som vinden ber fram der du trør:

Dette er noko du kjenner frå før.

Ei hand spelar terning i fakkelskin,

Ein fot trør i dans under ljost, mjukt lin;

Dei er her, dine bortgløymde systrer og brør:

Dette er er noko du kjenner frå før.

Gløym slitet for glede og frykta for sorg;

Det er her, alt du treng,

Det er brød i ei korg frå eit løyndomsfullt bord i så fast ei borg.

(Frå songen: Borga i Ur)

Powered by Cornerstone