DNA storfamilie: Temakveld om tru og arbeidsliv med Joakim Magnus.
Tysdag var det duka for DNA storfamilie med besøk av Joakim Magnus, for mange kjent mellom anna frå UIO, og no som leiar av tankesmia Skaperkraft. I visjonen til Skaperkraft heiter det mellom anna at dei vil tenkje breiare og modigare om kristne verdiar sin plass i samfunnet. Joakim sitt tema for DNA-kvelden var “Tru og arbeidsliv”. Dette burde vere interessant for dei fleste kristne, anten ein er i utdanning mot eit yrke eller opptatt med lønna eller ulønna arbeidsoppgåver til dagleg.
Vi fekk ei rask innføring i korleis ulike former for arbeid har blitt sett på gjennom historia, og korleis mykje av dette møter motstand i Bibelen og Gud sin måte å snu alt opp ned på. Joakim tok og eit oppgjer med vår kultur sine fallgruver med tanke på både arbeid og karriere som avgud, ferie og fritid som ei heilag ku, fulltidsmisjonærane som den høgast rangerte kristen-jobben, men og feiloppfatninga at arbeid kom som ei straff med syndefallet. Joakim minna oss på at Adam og Eva blei sette i hagen for å dyrke og passe på den.
Kvifor skal vi arbeide? Korleis skal vi arbeide? Og kva slags arbeid skal vi gjere? Bibelen viser oss at arbeid er noko heilagt og godt. Vi skal arbeide seks dagar, og kvile den sjuande. Og vi skal arbeide fordi Gud arbeider. Vil vi likne han, skal vi og få bruke kreftene, kreativiteten og talenta vi er skapt med til å arbeide. Slik Gud har gjort, gjer og vil halde fram å gjere.
Joakim delte og eit klokt råd for oss som vi kan ta rett inn i arbeidskvardagen: Ikkje gå på jobb for Jesus. Gå på jobb med Jesus! Korleis dette ser ut for den enkelte er eit spennande tema å ta med vidare og snakke om heime og i huskyrkjene. Ei siste gode påminning fekk vi frå Salme 127: Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene fåfengt.
God arbeidslyst, alle!
Ellinor Aasbø Jess