DNA Rapport

Tysdag 27. august kunne vi endeleg samlast for haustsesongens første DNA-samling med heile storfamilien med besøk fra Jarle Haugland.

Link til tale fra Jarle Haugland

Ellinor skrive: 

"Lachie varma oss godt opp i kjent stil med bibel/poesi-sitat-konkurransen Prophet or poet? som sørga for latter, men og audmjuking og vinnarinstinkt-tendensar av meir ukristeleg karakter.. Passande nok var dethovudgjest for kvelden, Jarle Haugland, som viste seg å nær kunne titulere seg som både profet og poet ved å gå av med sigeren.

Mange har nok fått med seg at det var påtroppande generalsekretær i Imf som skulle få mest taletid denne samlinga. Jarle Haugland har i 15 år trufast arbeidd i Tro & Medier med å gjere Jesus kjent i ulike media. Desse åra omfattar og den relativt korte perioden der smart-telefonen har gjort sitt inntog i liva våre, med påfølgjandeufatteleg raske utvikling i til dømes bruk av sosiale medium, informasjon og underhaldning av alle slag. 

Jarle utfordra oss denne kvelden. Kva gjer denne utviklinga og skjermbruken med oss som menneske? Kva gjer det med oss som etterfølgjarar av Jesus? Teknologien er aldri nøytral og alle stemmene slåst om hjarta våre. Korleis kan vi, som det står i Efesarane, bli i stand til å fatte breidda og lengda, høgda og djupna, kjenna Kristi kjærleik og bli oppfylte av heile hans fylde, dersom vi stadig gjev etter for distraksjonar?

Kva er det vi djupast sett lengter etter og drøymer om? Gud har ikkje skapt oss for at vi berre skal vere her, men å oppleve kva han har for oss! Jarle minna oss på at vi er korsfesta med Kristus, HAN lever i oss og vi er sett fri frå å skulle leve for anerkjenning frå andre menneske. Kvar hentar vi identitet, meining og bekrefting? 

Vidare delte Haugland ein spennande framtidsvisjon: Kva om vi som kristne verkelegstarta ei profetisk rørsle som vel annleis på dette området? Kva vil det gjere med folk rundt oss som lener seg inn?

Eg gjekk heim med nytt mot og takksam for utfordringa denne kvelden. Kanskje gjekk vi på dette teknologi-toget med meir eller mindre opne auge, men no innser vi at vi er fanga og hindra frå å verkeleg leve! Den fengslande og forførande FOMO-en (Fear ofmissing out) gjer at vi ikkje kjem oss av dette hurtigtoget med tilsynelatande uviss endestasjon. Takk, Jarle, for at du trakk i nødbremsen for oss. Så kan vi (i lag med t.d. huskyrkja eller ein trufast venn) komme oss av og omfavna JOMO: The JOY of missing out, sjå kva Gud har for oss og menneske omkring oss og fritt proklamere: Herren er min hyrding, eg manglar ingen likes!

God JOMO-haust, alle!"

- Ellinor Jess

Powered by Cornerstone