Da damene dro..til Kina og Taiwan!
Her bur vår eigen faste utsendte, Renate Solberg for tida, og vi var fire damer som slo følge med henne tilbake etter at ho hadde vore heime i Norge. Å finne ord for å skildre alt vi opplevde i ein kort blogg-post er ikkje mogleg. Så her prøver eg å oppsummere raskt. Målet med turen var fleirdelt:
-Tur til (for fleire av oss) heilt nye og spennande plassar, og ein sjanse til å bli enda betre kjent med gode damer frå menigheten.
- Besøke kyrkja Abundant Grace International Fellowship i Shanghai (nemnt av Lachie på GT for ikkje lenge sidan) og delta på gudsteneste der.
-Be og proklamere Jesu namn i Kina og Taiwan som ein del av utsendte frå UIO sitt All Nations Initiative-oppdrag.
-Besøke Renate og skulen + basen i Taipei der ho studerer og er med i ulike prosjekt.
Vi fortel villig til alle interesserte om opplevingane som fortsatt sit i kroppen, så spør gjerne! For eigen del var det utruleg sterkt å erfare korleis Gud kom nær og opna hjartet mitt for land og folk eg ikkje kjenner eller tenker ofte på i det heile. Og kor absolutt meiningsfullt og riktig det var å starte kvar morgon med tilbeding, lovson, bøn og proklamering av namnet over alle namn i landet, over styresmakter og folk medan vi var der midt mellom dei! Og kor raskt vi kjente oss knytte til både kristne og ikkje-kristne menneske vi traff og snakka med!
I AGIF-kyrkja i Shanghai vart vi tatt varmt i mot med gåver, interesse og begeistra engasjement som endte med at dei ba for oss før vi gjekk. Eit nydeleg fellesskap! I Taipei vart vi invitert på middag til ein Taiwanesisk familie Renate kjenner, og eg opplevde verkeleg korleis hjartet vart utvida for kristne søsken og det dei står i av viktig arbeid for Guds rike! Det var så herleg å erfare kor glad ein kan bli i folk som er totalt forskjellige, som verken har felles språk, kultur eller kvardag som oss, men som elskar Jesus!
Ingenting er meir irriterande enn intern vi-har-vore-på-tur-i-lag-humor-snakk, så eg skal spare dykk for alle festlege minne og uføresette hendingar (svært liten risiko for overraskingar når Christina Helland planlegg reisa btw, så er det sagt). Du kan som sagt alltids spørre, dersom du til dømes lurer på kvar ein kan oppdrive ein kopp kvalitets-kaffe i te-landet Kina (spør Miriam, spar gjerne tid ved å finne riktig lokasjon sjølv først), korleis røykt hai smaker, og effekten den kan ha på kroppen (spør Christina), korleis få tak i (på kinesisk må nemnast)! den billigaste og mest legendariske taxi-med-sjåfør i Taiwan (spør Renate. “Is THAT your taxi”? spurte dørvakta på det fancy hotellet vantru), korleis rutinert og nonchalant overbevise flyplass-personalet om å få ekstra bagasje eller andre fordelar i innsjekken (spør Hilde) eller kvifor underteikna får stjerner i augene av det geniale asiatiskekonseptet katte-kafè.
Takk for turen, damer!
Ellinor
