Ressurser/Blogg/Nyheter/Helaften døgn 2024

Helaften døgn 2024

Denne gongen starta damedøgnet med besøk på, omvising i, og entusiastisk presentasjon av Engelvakten kafè i Flekkefjord. Å høyre Arild Egeland fortelje om visjonen det heile starta med, og vegen fram til det diakonale arbeidet dei velsigner byen med i dag, var rett og slett inspirerande!

Kor målretta dei prioriterer å formidle evangeliet til menneska dei kjem i kontakt med, er kanskje noko av det som gjorde sterkast inntrykk på underteikna. Egeland trakk fram kor viktig det er at ein følgjer draumen Gud legg ned i hjartet framfor å bidra i oppgåver av rein plikt eller dårleg samvit. Då han også poengterte å ha Guds fred på innsida med inn i oppgåvene, blei dette både eit treffande startskot og bekrefting på temaet vårt for resten av helga.

På Utsikten hotell fekk vi ein varm velkomst og eit luftig møtelokale med både takhøgde og armslag for alle dei 44 damene. Mellom samlingane fekk vi nydeleg mat i lange måltid med tid til gode samtalar, avslapping på fredelige rom eller luftetur med nettopp upåklageleg utsikt.

Damene i komiteen stod for undervisning kring temaet å eige og å skape Guds fred der du er. Ordet restaurering var med oss frå i fjor, og vi vart utfordra til å finne ut kva rom i “huset” vi trong å sleppe Gud til i for opprusting og fornying. Gjennom sofadrøsen fekk vi fleire vitnesbyrd om kor trufast Gud er. Håpefulle vart vi og av å bli minna om at Gud ikkje er ferdig med renoveringsarbeidet (sjølv ikkje etter fylte 40!), og at Han alltid skaper noko nytt! Glad sluttar eg meg gjerne til takkebønna frå fireåringen som blei nemnt:

“Takk, Gud for at du fikser oss!”

Å ha tillit til byggeleiaren (you know who!) og å lese og lære byggeinstruksjonane/Guds ord rustar oss og fyller oss med fred. Denne freden finn vi ikkje av oss sjølv; i verda eller ved hjelp av eigne prestasjonar. Den er Guds verk og held, uansett kva kampar vi står i. “Eg klarte det ikkje, men Jesus gjorde det!”

To dagar i lag på denne måten gjer meg takknemleg for å få vere ein del av eit fellesskap som går på tvers av både alder og livssituasjon. Vi har mange driftige damer med mykje godt på hjartet midt mellom oss, og det er spennande og inspirerande når dei tek plass slik vi fekk sjå og høyre denne helga!

Vel heime søndag kveld, kom ei strofe til meg som eg kjenner oppsummerer helga godt:

Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på huset byggja. (Gud signe vårt dyre fedreland, 6. vers). Og som vi vart minna om frå Joh. 15. vers 5: Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingenting gjera. 

Takk for denne gongen, damer. Og god restaurering!

Ellinor

Powered by Cornerstone