India 2024

Påsken 2024 reiste huskyrkjene «Kræmen» (f. 2006) og «Lys og salt» (f. 2005) på misjonstur til India saman med Håvard, Helene, Dagfrid og Livar, pluss ein gjeng frå Ungdom i Oppdrag. Dette var ein veldig kjekk og givande tur, som har bygd fellesskap og nærare relasjonar til Gud.

Etter eit par dagar reis, og eit besøk innom ein landsby i Himalaya, reiste me opp i Himalaya fjella der me skulle på ein fem dagar lang lovsongs- og bønevandring. Dagane i fjella bestod av dagsturar i fjellområda i nærleiken av campen, smash, god mat, quiz og møter. Oppe på fjelltoppane hadde me bøn og lovsong for eit unådd folkeslag som bur i regionen rundt. Lovsongen nådde eit nytt nivå med Himalaya-fjella i bakgrunnen.

I løpet av turen opplevde me mange kule bønesvar. Det var fleire som vart helbreda. Og veldig lite sjukdom generelt. Bønesvaret, som kanskje var mest utanom det vanlege, kom då me hadde lovsong på det andre fjellet me besøkte. Etter møtet fann Elias eit lite blått plekter liggjande på bakken. Han plukka det opp, og gav det til gitaristen, Daniel, fordi han hadde mista sitt eige rett før dei kom opp til fjella. Inntil då hadde han berre spelt med ein mynt og ein finger, som vart meir og meir sår etter kvart møte. Daniel vart så klart svært glad på grunn av dette, men ekstra glad blei han, fordi dette var eit bønesvar. Etter første møtet i fjella, som var eit par dagar før dette, bad han til Gud om å finne eit plekter liggjande oppe i marka. Han forventa ikkje noko svar, det var eigentleg berre for å ha gjort det, men då han fann det, vart det eit vitnesbyrd å bære med seg videre.

Då me var i den eine landsbyen, besøkte me ein språkskule. Her fekk me snakka, dansa og synga med indisk ungdom. Me fekk eit betre innblikk i indisk kultur og korleis kvardagsliva til ungdommane ser ut. Dette lærte me mykje av!

Etter å ha kome heim, er me glade for å rapportere om ei overfylt sekk med nye minne, inntrykk, og sterkare relasjonar båe med kvarandre og med Gud. Me som skriv trur me snakkar for alle, når me skriv at turen har vore med på å gje livet eit nytt perspektiv og friske opp truslivet totalt. Me har så mykje meir å snakke om, enn det me får skrive her, så om du er interessert i å få høyre, må du berre ta kontakt med oss!Bilde

Powered by Cornerstone