Ressurser/Blogg/Nyheter/Foreldre i Bønn og Beredskap

Foreldre i Bønn og Beredskap

Har det blitt vel roleg i heimen? Forsvinn alle ut etter fredags-tacoen, så berre gamlingane er igjen? Er du forsynt med stillesittande sofasliting og vil ut og treffe folk i staden?

Då kan vi gle deg med eit spennande alternativ!

Vi har lyst til å vere vaksne på vakt der ting skjer på fredagane: hjå ungdommen på GN! Planen er å samlast i kjellaren, be for ungdommane og møtet og ellers vere tilgjengeleg dersom vi trengst til noko. Så lar vi Gud leie oss vidare og snakkar saman om korleis vi skal bli brukt på ein måte som tener ungdommane best.

Vi kallar oss foreldre i bønn og beredskap, men alle vaksne uansett livsfase er velkomne! Dette er ikkje dugnad, plikt eller noko du bør gjere fordi din ungdom er på GN og du føler du må bidra.

Dette er for dei som har lyst på eit fellesskap av vaksne som vil vere med på det Gud gjer i neste generasjon og ha ein god kveld i lag med likesinna. Vi tenker stabilitet er viktig og at vi skal vere ein fast gjeng som er til stades kvar GN-fredag (det vil seie annankvar fredag).

Underteikna er på plass på GN frå fredag 20. november.

Vil du vere med? Eller har du spørsmål? Ta kontakt!

Vi gler oss!

Ellinor og Torbjørn Jess

Powered by Cornerstone